Minimalistiske landskapsreiser, svulmande progrock-impro, støykrydra balladar og brutal lydforming… Dette er nokre av ingrediensane på ein BOL- konsert. Dei svært samspelte improvisatørane tar med seg inn i musikken eit hav av musikalske muligheiter og mykje personleg særpreg. Tone Åse med sitt store spenn frå den elektroniske prosesseringa av stemma til den enkle, vakre songen, Ståle Storløkken djupt nede eller langt ute i sitt personlege lydlandskap og Tor Haugerud med si blanding av originale groovar og utforskande klangbruk. Når så BOL inviterer med seg to ekstremt kreative gitaristar med ganske ulike utgangspunkt og uttrykk, blir den improvisatoriske energien kombinert med subtil og energisk støyforming og tradisjonell rock-estetikk. Slikt skaper ein eksepsjonell dynamikk!
Utanom BOL, har Tone Åse bakgrunn frå a capella-gruppene Kvitretten og Trondheim Voices, og frå banda Livemariband og Marilyn Mazur's Future Song. Ståle Storløkken er kjend frå ei rekkje samanhengar: Supersilent, Elephant 9, duoen Humcrush (med Thomas Strønen) og Terje Rypdals Skywards. Tor Haugerud har mellom anna spela med kraft-etno-gruppa Transjoik og frijazz-gruppa Gibrish. Gitaristene, Snah (Motorpsycho) og Stian Westerhus (medlem av Nils Petter Molværs nye band), er to særprega og profilerte musikarar som utfyller kvarandre på ein glimrande måte i samspel med trioen.
Dette er eit særs spennade og lykkeleg musikalsk møte, som starta som ei festivalprosjekt i 2010, og som har halde fram med konsertar og studioinnspelingar i 2011. Den nye plata kjem i løpet av 2012. Gruppa er på turné i Norge 27/2- 4/3 og avsluttar turnéen på Rokken, i regi av Volda/Ørsta jazzklubb. Det er berre å glede seg!
www.bol.no/music/