Site logo

Velkomen til Volda Ørsta Jazzklubben. Vi ser frem til ein spennande jazz-vår!

GUNNHILD SEIM & TIME JUNGLE
med prominent gjest


TORSDAG
13. OKTOBER 21:00 ROKKEN · 200,-/150,-
 Gunhild Seim og bandet Time Jungle har hatt stor suksess med dei to første utgivingane sine, “Time Jungle” (2007) og “Morpho” (2009). Dette har gitt dei eit velfortent ry som eitt av dei mest spennende banda i dagens norske jazz. Dei som har opplevd dei på Moldejazz eller Nattjazz, kan utan tvil stadfeste at omdømmet er vel fortent. I haust turnerer dei med den høgt respekterte amerikanske pianisten Marilyn Crispell, og torsdag 13. oktober kan vi høyre dei i Volda!
  Crispell er ein av dei finaste moderne pianistane på dagens jazzscene. Det var John Coltrane og Cecil Taylor som gjorde at den klassisk utdanna Crispell fikk auga opp for jazz på 70-tallet. Spelestilen hennar kan gi assosiasjonar til Cecil Taylors ekspressive spel, ein musikar ho har samarbeidd med i ettertid. Crispell har ein imponerande diskografi som viser samarbeid med ei rekkje flotte musikarar. Her til lands har ho, forutan Gunhild Seim, samarbeidd med Paal Nilssen-Love og Per Zanussi. Internasjonalt har ho spelt med med musikarar som Reggie Workman, Barry Guy, Anthony Braxton, Gerry Hemmingway, London Jazz Composers Orchestra, Evan Parker, og Gary Peacock og Paul Motian. På lista over samarbeidspartnerar finn vi også framståande skandinar som Anders Jormin, Palle Danielsson og Marilyn Mazur.

Marilyn Crispell vil garantert gi Time Jungle og Gunhild Seims komposisjonar ein spennande ny kulør.
© 2012 jazzklubben.no contact