Site logo

Velkomen til Volda Ørsta Jazzklubben. Vi ser frem til ein spennande jazz-vår!

OM JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA

Jazzklubben i Volda/Ørsta vart réetablert hausten 99. Tidlegare har jazzklubben hatt fleire periodar med stor aktivitet. For 15 år sidan var klubben ein av dei største og mest aktive i Noreg. Det sitjande styret har engasjement og visjonar og håpar vi saman med lokalsamfunnet kan gje Ørsta Volda gode jazzopplevingar.

Vi har eit tredelt mål med det vi driv på med.
• Vi skal kunne presentere musikk med stor breidde innan jazzsjangeren, med ei blanding av lokale, regionale og nasjonale utøvarar.
• Jazzklubben skal vere ei scene for lokale musikarar, spesielt har vi fokus på å kunne vere ei drivkraft for å gje unge musikarar ein stad å presentere seg.
• Jazzklubben skal ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.

Klubben har om lag 30 arrangement i året, og har siste åra vore svært godt besøkt. Klubben vert driven på friviljug basis, men drifta vert i beskjeden grad støtta av det offentlege gjennom ulike kanalar, samt eit sett lokale trufaste sponsorar. Klubben har ikkje ei fast scene, men dei fleste konsertane er på Rokken, Aasentunet, Ørsta Kulturhus eller Fugl Føniks i Ørsta. Les meir om scenene. Klubben er medlem i Norsk Jazzforum og Midtnorsk Jazzsenter.

Hovudsponsorane våre er: Tussa, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og konsertstøtte Midtnorsk Jazzsenter.
© 2012 jazzklubben.no contact