29.01. 2006

ASIAN WINGS

Sizzle Ohtaka and the Masahiro Saeki Band. Japan si store songstjerne med konsert i Volda no søndag:
Sizzle Ohtaka er ei av Japans store sangstjerner. Ho har gitt ut heile 18 CD-ar og onsdag 25. januar held ho opningskonserten på Nordlys-festivalen i Tromsø. Så kjem ho til Volda saman med 5 japanske musikarar med røter i asiatisk folkemusikk. Masahiro Saeki (japanske tradisjonelle strengeinstrument) og Yayomi Imori (vokal) har vore her før. Dei hadde konsert på Kroa våren 2004. Med seg har dei også Minehiko Tanaka på sitar, Riko Tanaka på tabla og Haruhiko Saga på mongolsk cello. Konserten dei skal ha på Rokken søndag 29.januar under namnet ASIAN WINGS omtaler dei slik:

..”Vi er STEMMER OG STRENGER FRÅ ASIA.
Vi har stemmer, indiske trommer og tre forskjellige strenginstrument frå Asia. Musikken vår er basert på asiatiske klassikarar og folkesongar, men det er også eksperimentelt og moderne. Rytmen flyt som ei elv og stemmene & strengene sym som flygefisk. Set deg på eit flygande teppe av asiatiske lydar. Nyt livets vatn frå aust.ASIATISKE VENGAR, den aggressive lyd-meditasjonen frå aust er på veg”….
 
I tillegg til konserten på Rokken skal musikarane frå Japan delta på fleire andre arrangement. Fredag 27. januar skal dei halde to forelesingar på høgskulen. Sizzle Ohtaka skal presentere arbeidet sitt som komponist og musikar på eit 100-tal reklamefilmar for media og musikk-studentar. Og musikarane skal i fellesskap gje dei nye japan-studentane på høgskulen ei innføring i japansk tradisjonsmusikk.

Laurdag formiddag vert det gratis-konsert saman med norske musikarar i Volda-kyrkje. Dette blir eit unikt møte mellom tonar og songar frå aust med heimlege kapasitetar som Magnar Åm, Merete Welle, Quest og songarar frå Digitalis. Høgskulen i Volda har hatt kontakt med Masahiro Saeki frå Hiroshima i mange år. Dei siste åra har kontakten tatt seg opp. Han tar imot volda-studentar i Hiroshima. For andre gong kjem han no på kombinert ferie/spelejobb til Volda. Også denne gong har han tatt med seg eit utsøkt lag av japanske musikarar. Og vi veit at musikervener frå førre gong, som folkemusikaren Dagfinn Nupen, også denne gong stiller opp og tek del i konserten på Rokken. Kontakten mellom Japan og Volda er vel etablert – og han veks!
Konserten er eit samarbeid mellom Høgskulen, Rokken og Jazzklubben.