16.02. 2006

THE CORE
m/ Nils Olav Johansen

The Core m/Nils Olav Johansen: KONSERT/PLATESLEPP på ”Sky Blue”The Core nøler ikkje, dei går rett på målet, og det vert råbra jazz. The Core vart etablert med utgangspunkt i det særdeles produktive miljøet ved jazzlina i Trondheim. Bandet består av Kjetil Møster på saksofonar, Erlend Slettevold på piano, Steinar Raknes på bass og Espen Aalberg på trommer. Og no også med Nils Olav Johansen på gitar. Saman serverer desse karane energisk, hardtslåande jazz i John Coltrane-tradisjonen.The Core har lenge vore ein publikumsyndling på jazzscenene, for den rå og pågåande stilen, det veldige drivet som får stemninga i taket.
Og bandet har faktsk litt lokal tilknytning:
1: Erlend Slettevoll er urvolding – virtous på piano og ein viktig del av gruppa. Søskenebarnet til Beate ”Beady Belle” Slettevoll – kom og gje han skikkeleg heimlengt!
2: Nils Olav Johansen nyinnflytta Volding Kjent som hovudfigur i Farmers Market, Køhn/Johansen sextett, Djingobates +++ Og no altså skattebetalar i Volda. Kom og gje han varm velkomst på første konsert ”heime”. Velkomne til ein høgoktan-kveld på Rokken!