28.02. 2006
FARMERS MARKET
m/ Filip Simeonov
Farmers Market & Filip Simeonov, speed-balkan-boogie-jazz med cowboyakkorder!
"Pepsodentisk speed-balkan-boogie med cowboyakkorder" er berre ei av mange nemningar musikken til Farmers Market har fått. Bandet gir deg ei magisk blanding av bulgarsk folkemusikk, jazz-standarder, popmusikk og ikkje minst ein god dose humor. Farmers Market er eit av dei mest populære livebanda i Noreg nowdays, og trakterer alle typer konsertscener og festivalar: jazz, folkemusikk og rock. På denne Rikskonsertene-turneen har bandet med seg gjesteartisten Filip Simeonov, som alle kan glé seg stort til å møte. Filip Simeonov er Bulgarias desidert leidande klarinettist. Han kjem frå ein sigøynermusikerfamilie med 300-årige tradisjonar som profesjonelle utøvarar. Simeonov livnærer seg for det meste av å spele i bryllaup, og av å spele konsertar i inn- og utland, med m.a gruppa "Taraf de Haidouks" frå Romania. I tillegg til å vere ein meister på klarinett, trakterer han óg saksofon og trompet, noko som er ein uvanleg kombinasjon. Grunnen til dette er at det i Nord-Bulgaria eksisterer en brass-tradisjon med utgangspunkt i tyrkiske militærorkester. Tyrkia dominerte Bulgaria i fleire århundrer, og etterlet seg både musikalske og bosetningsmessige spor. For dei som ikkje har høyrd musikk frå Bulgaria kan vi nemne at musikken ofte går i sokalla ”skeive taktartar”, som 7, 9, 13 osb, og inneheld mykje improvisasjon. Som improvisatør er Filip eineståande, og i bryllaup er det ikkje uvanlig med ein times improviserte soloar….. Simeonov behersker den bulgarske musikken fullt ut, men speler også armensk, tyrkisk, indisk, makedonsk, rumensk, albansk og serbisk musikk.
Farmers Market starta som ein frijazzkvintett i 1991, med utgangspunkt i miljøet rundt jazzlina ved Trøndelag Musikkonservatorium. Bandet fann tidleg inspirasjon i moderne bulgarsk folkemusikk, men har utvikla musikken vidare med meir improvisasjon og fleire vestlege innslag. Men den musikalske inspirasjonen frå Balkan, med sine ’odd meters’, orientalske skalaer og improvisasjonar, er likevel blitt bandet sitt varemerke.
Farmers Market har gitt ut to CD-ar. Den første kom i 1995 og heiter "Speed/Balkan/Boogie", med fleire gjesteartister frå Bulgaria, deriblant to songarar frå ’Les mystère des Voix Bulgares’ og to folkemusikarar. I 1997 ga bandet ut si andre CD, "Music from the Hybrides", med saksofonisten Trifon Trifonov frå Bulgaria. Dette var eit ekstremt album med element frå mange forskjellege stilartar og idear frå bluegrass ’in odd meters’, til Metallica-liknande versjoner av tradisjonelle bulgarske folkesongar og sokalla "slick commercial music" miksa med Stockhausen...! Albumet fekk strålande kritikker frå mange samtidsmusikktidsskrift, så vel som frå rock-, folk- og jazzmiljø over heile Europa.