08.02. 2006
JAZZLAND COMMUNITY TOUR
Eit samarbeid med veka 06
Plateselskapet Jazzland Recordings fyller 10 år i år, og i regi av Norsk jazzforum legg dei ut på ein landsomfattande turné med nokre av Noreg sine mest anerkjende jazzmusikarar. Jazzland Recordings vart starta i 1996 av Bugge Wesseltoft, og har med sin sterke profil og si identitet etablert seg som eit av dei mest kjende europeiske jazzselskapa, og har vorte ei merkevare på line med ECM. Det musikalske landskapet på Jazzland har med sin nyskapande og særiegne miks av stilretningar vore sentral innaføre Nu jazz-omgrepet. Med musikarar som Sidsel Endresen på vokal, Bugge Wesseltoft på piano og elektronikk, Eivind Aarset på gitar, Marius Reksjø frå Beadybelle på bass samt Håkon Kornstad og Wetle Holte fra Wibutee på saksofon og trommer vert dette ein konsert av dei heilt skjeldne. Alle vil presentere sin eigen musikk og spele i ulike konstellasjonar med kvarandre. Vi snakkar om musikarar av format: I mars held turneen fram til Paris og London, og deretter til Berlin og Barcelona. Men først Volda!
Sidsel Endresen - vokal
Bugge Wesseltoft - piano og elektronikk
Eivind Aarset - gitar
Håkon Kornstad - saksofon
Wetle Holte - trommer
Marius Reksjø - bass