02.02. 2006
SVEV
PLATESLEPP
Svev er namnet på ein CD som kjem ut i desse dagar. Musikken er skriven av Stein Helge Solstad,
og det er 12 Aasendikt som er utgangspunktet for komposisjonane. Dei fleste tekstane er henta frå diktsyklusen Symra. Deler av musikken vart opphavleg skriven til opninga av det nasjonale Ivar Aasen året, og er m.a. framført på både Vossajazz og Dei nynorske festspela. Hovudvokalist i bandet er Sine H. Bjordal. I tillegg til komponist Stein Helge Solstad på gitar, finn me Tore Hovde på gitar og vokal. Både han og bassisten Audun Ellingsen studerer no på Norges Musikkhøgskole, etter mange år med jazzstudiar i Leeds. Trommeslagaren Martinus van Gastel kjem frå Holland, og har solid jazzbakgrunn frå Rotterdam. Svev har fått sitt eige uttrykk der nærheita og intimiteten kanskje er det mest framtredande i lydbiletet. Om det samstundes framkallar assosiasjonar om å sveva, får de sjølv avgjere om de kjem på konserten på Rokken torsdag 2.februar. Konserten vil også bli presentert på Aasentunet på søndagskvelden (5.feb)
Sine Bjordal – vokal
Tore Hovde - gitar/vokal
Stein Helge Solstad – gitar
Audun Ellingsen – bass
Martinus van Gastel – trommer