09.03. 2006

TORUN ERIKSEN

Musikkmeldarane kalte henne ”Årets Stemme”, ”Glitrende”, og ”Et vokaltalent utenom det vanlige”etter utgjevinga av debutalbumet ”Glittercard” i 2003. 11 eigne låtar, tekst og melodi signert Torun Eriksen. Alt produsert av den musikalsk ruvande Bugge Wesseltoft, sjølv så imponert av Torun at han ikkje nølte med å kalle henne ”det største vokaltalent jeg har hørt på mange år”. ”Når Bugge seier at Torun Eriksen er det største vokaltalentet han har høyrt i Noreg på mange år, er det grunn til å skjerpe sanseapparatet”, skreiv musikkavisa Puls sin anmeldar Tor Hammerø. Ho starta i gospelkor heime i Telemark, og har vidareutvikla sine tidlege musikalske røter i grenselandet mellom soul/jazz/pop. ”Med bakgrunn i r&b, soul og gospel kjem Torun Eriksen med ein debut som i løpet av ein snau time etablerer henne som ein stemme å rekne med”, skreiv Terje Mosnes i Dagbladet og ga ”Glittercard” terningkast 5. Torun Eriksen byrja å skrive eigne songar då ho var elev på musikklina på Skien vidaregåande skule. Ho heldt fram med si musikalske utdanning på NISS i Oslo, og sidan har det teke meir og meir av. På TV dukka ho opp i Beat For Beat og frå festivalar med bandet Chipahua. Stadig fleire etablerte artistar hyrer henne for å synge på platene sine. Og konsertstaden ”Blå” i Oslo var fylt til randa då Torun feira utgjevinga av ”Glittercard” med releasekonsert. ”Ho er årets stemme i jazzlandet”, skriv Roald Helgheim i Dagsavisen og kallar debutalbumet ”strålende”. ”Glittercard har til no (2006) solgt 10000 X i Tyskland, og ho er minst like kjend der som her heime.Torun skjønte tidleg i skriveprosessen at ho måtte etablere eit eige band for å skape sin eigen sound. Nå har ho og bandet jobba lenge saman, dei har fått god live-erfaring, og det høyrest veldig godt.

Kjetil Dalland - bass
Torstein Lofthus - trommer
David Wallumrød - tangenter
Frøydis Grorud - saxofoner og fløyte