01.03. søndag 2000 - dørene opnar 19.30
Volda kyrkje
MARI BOINE
Det er ei stor hending når Mari Boine legg ein konsert til Volda. Boine er vår tids største samiske artist, og ei av dei mest markante stemmene i joik / folkemusikk / world music sidan ho slo igjennom med ”Gula Gula” i 1989. Ho har vunne tre Spelemannsprisar, og turnert nasjonalt og internasjonalt i fleire tiår.
Når ho no skal ut på akustisk turné med Rikskonsertane våren 2009, har ho med seg joikaren Inga Juuso, Georg Buljo på gitar og Gunnar Augland på trommer/perkusjon, medan religionshistorikar Brita Pollan bidreg med små historier mellom låtane. Gjennom denne akustiske produksjonen går Mari Boine tilbake til den djupaste delen av sine røter. Ho syng blant anna songar frå dei tidlegaste platene sine, samt smakebitar frå musikken ho nyleg laga til filmen ”Kautokeino-opprøret”. Mellom låtane fortel Brita Pollan historier og anekdotar om kva samane har måtta tole frå misjonærar og prestar som kom for å ”temme” dette ”demoniske” folket. Dette gir eit innblikk i det åndelige bakteppet for mange av Mari Boine sine songar. Saman byd dei oss på ei sår og djupt rørande vandring i samisk kultur og historie.
Mari Boine Persen is a Norwegian Sami musician known for having added jazz and rock to the yoiks of her native people. Boine (born 8 November 1956 in Finnmark, Norway) grew up amid the Laestadian Christian movement as well as amidst discrimination against her people. She was asked to perform at the 1994 Winter Olympics in Lillehammer, but refused because she perceived the invitation as an attempt to bring a token minority to the ceremonies. Gula Gula (first released by Iđut, 1989, later re-released by Real World) was her breakthrough release, and she continued to record popular albums throughout the 1990s. (Wikipedia).
Mari Boine - song
Inga Juuso - joik
Brita Pollan - fortellar
Georg Buljo - gitar
Gunnar Augland - perkusjon
Ikkje medlem: 200,-
Medlem: 150,-
VGS / International students: 50,-
Bokklubbrabatt: 25% ved kjøp av 2 billetter. Husk gyldig medlemskort i bokklubben.