Torsdag 05.11.09 · 21:00 Det Grønne Treet


FLIFLET / HAMRE


Fliflet/Hamre er tilbake i Volda! Jazzklubben har glede av å invitere til konsert med denne populære og sære vestlandsduoen. Duoen har sjølvsagt eit særleg samband til vårt område gjennom sin CD Ivar Aasen goes Bulgaria, men dei har også markert seg som eit ihuga vestlandsband gjennom forestillinga ?Vestland, Festland, Bestland?. Deira musikk spenner likevel vidare, og femnar alt frå folkemusikk via jazz til balkanmusikk. Gabriel Fliflet speler trekkspill og syng, og har spelt i ei rekkje folkemusikkgrupper i inn- og utland. Ole Hamre på slagverk, melodika og song har vært innom rock, jazz og etno. Dei slo gjennom som Fliflet/Hamre Energiforsyning, men heiter nå berre Fliflet/Hamre. Deira siste CD heiter Eine Kleine Kraftmusik (2004), der dei også har med gitaristen Knut Reiersrud. Båe to har motteke Vossajazzprisen, og dei har spilt på eit utal festivalar. Dei var sist i Volda for to år sidan til stor jubel. Sunnmørsposten skreiv ved eit tidligare høve om dei: ?Det er ikkje ofte ein får oppleve musikarar med så stort overskot og kontroll. Meir samkøyrd går det neppe an å bli?, medan dei ifølgje Dagbladet ?høres ut som den intelligente onkelen til Kaizers Orchestra?. Nå er dei på nytt klare for konsert i Volda. Denne gongen blir det på det tradisjonsrike Grøne Treet. Vi håpar mange er klare for deira energiforsyning!

http://kunst.no/flimre/

21:00
Det Grønne Treet

50,- Int. studentar / VGS musikk elevar
130,- medlem
180,- ikke medlem