28.04. tirsdag · 2100
Rokken scene
MINKOVS BALKAN EXPERIMENT
Ikkje medlem: 100,-
Medlem: 70,-
VGS / International students: 50,-
Minkovs Balkan Experiment består av seks musikarar. Første gong dei opptrådte saman var i november i fjor, som eit bestillingsoppdrag frå Volda og Ørsta internasjonale folkedanslag. Dei gjorde uutsletteleg inntrykk på publikum som var tilstades. Til tross for at fem av musikarane er svært unge, har dei alle lang erfaring og er røynde musikarar. No skal dei spele på jazzklubben for første gong. Gå ikkje glipp av dette høvet til å oppleve desse unge musikarane live!
Leiar i bandet er naturleg nok Aleksander Minkov, opprinneleg frå Bulgaria, bur i Volda og arbeider i musikkskulen i Volda og Ørsta. Han spelar fleire instrument, blant anna trekkspel, keyboard og trommer. Han har vore musikar heile sitt vaksne liv, og har tradisjonen med ”skeive takter” (synkopering) frå den tradisjonelle bulgarske musikken i blodet. Han spelar saman med nokre av sine tidlegare elevar frå musikkskulen. Runar Nybø, (eit multitalent ifølge MøreNytt mars 09), gjekk ut av musikklina på Volda vidaregåande skule i fjor, gitarelev hos Nils Olav Johansen (Farmers Market) og Stein Helge Solstad, no på trommer og vokal.
Simen Rebbestad, elev i 3. klasse på musikklina ved Volda vidaregåande, hadde hovudrolla som Roberto Giovanni i Queenmusikalen i år. Der imponerte han som vokalist, i dette bandet er han gitarist. Jørgen Øyre, også tredjeklasseelev ved musikklina speler bass. Desse tre gutane har alle bakgrunn i musikkmiljøet rundt Kaihuset i Ørsta.
Runar satt i juryen under Kidolfestivalen då Gloria Minkov vann i 2005. Ho gjekk då på ungdomsskulen i Volda, og var allereie den gongen ein vokalist som utmerkte seg. Ho studerer i dag musikk ved Høgskulen i Volda, ikkje så rart – ho har vakse opp i eit musikarmiljø med både ein far og ei mor som profesjonelle musikarar. Ho spelar fleire instrument sjølv om ein kan seie at vokalen er hennar hovudinstrument. Den siste musikaren i Minkovs Balkan Experiment er Júlian Najdorf. Han har og vore elev på musikklina. No er han 20 år og har planar om å reise til Israel for å studere arabisk musikk til neste år. Han er eit talent på fiolin. Må opplevast!