24.03. torsdag · 2100
Rokken scene
SUND FOLKEHØGSKOLE
Jazzlina på Sund Folkehøgskule har etablert seg som ein valfartsplass for unge jazzinteresserte i Noreg, og særs mange av dagens unge, leiande jazzmusikarar har gått på Sund. Med eit høgt nivå og eit seriøst og ope miljø, er jazzlinja på Sund eit forum for stort utviklingspotensiale, fylt med eksperimentelle og nyskapande krefter. Tradisjonen tru dreg jazzlina ut på turné på denne tida av året, for å hauste tilbakemeldingar på arbeidet sitt frå ei større publikumsmasse. I år tek turneen «TurnAround» runden nedover vestlandet, til Stavanger i sør, over til Oslo og oppover austlandet, før den ender i jazzbyen Trondheim. Musikken dei har med seg på vegen er i stor grad sjølvkomponert og har fotfeste i jazzen si verd, men likevel kan det meste dukke opp, då improvisasjon og spontanitet speler ei viktig rolle i lydbiletet. Med ei besetning på 20 elevar i alderen 19 – 22, som alle har ei stor musikkinteresse og eit ynskje om å få drive med musikken på profesjonelt nivå, kan du vente deg ein variert konsert fylt av energi og speleglede.
Ikkje medlem: 100,-
Medlem: 70,-
VGS / International students: 50,-