På søndagskvelden er det duka for ein spennande konsert på Rokken scene. Gitaristen Stein Helge Solstad har invitert med seg tre dyktige musikarar til ein ny jazzkvartett. Musikken me får høyre kan beskrivast som lyrisk med rike klangfargar, krydra med uvanlege harmoniske løysingar. Komponist er Stein Helge Solstad, og ein del av musikken var med i Solstad sin solokonsert i Volda kyrkja for to veker sidan. Denne konserten har ei litt spesiell ramme. Den er ein del av eit doktorgradsprosjekt i musikk som forskar på jazzimprovisasjon. Det tek føre seg korleis musikaren nyttar eit repertoar med improvisasjon i ulike samanhengar. Korleis ein førebur seg til ulike samspelsituasjonar? Kva skjer frå innøving til utøving, og korleis reflekterer ein i etterkant etter å ha delteke i eit musikalsk improvisert samspel? Til hausten vil refleksjonane omkring innøving og utøving fortsette i eit endå rikare, i alle fall større jazzmiljø. Då flyttar gitaristen Solstad med familie til New York for å vere ’visiting scholar’ ved Columbia University eit år.
Konserten vert filma av studentar og tilsette med tilknyting til Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. Slik sett er dette eit godt eksempel på tverrfagleg samarbeid mellom ulike avdelingar ved høgskulen.
Musikarane som skal spela denne kvelden forutan Solstad er:
Erlend Slettevoll: Piano - Volding busett i Oslo og kjent frå band som the Core, Petter Wettre Quartet, Audun Automat
Audun Ellingsen: Bass - Ørsting busett i Oslo og kjent frå band som Spinx, Frøy Aagre band og Audun Automat. Var også bassist på Solstad si plate ”Svev”.
Erik Nylander: Trommer - Svenske busett i Oslo og kjent frå band som Kobert, Ola Kvernberg Trio, Silje Nergaard og Trondheim Jazzorkester.
Alle desse musikarane har ein allsidigheit og ei evne til å løfte ulike samspelskonstellasjonar på ein spesiell måte. Det skal verta spennande å sjå korleis dette viser seg på Rokken-scene søndagskvelden!




Stein Helge Solstad, Erlend Slettevold, Audun Ellingsen, Erik Nylander