Kirsti Huke har vore eit sentralt namn i norsk jazz sidan ho gjekk ut av Jazzlinja i Trondheim i 2000. Med seg i Kirsti Huke kvartett har ho et stjernelag, med Steinar Raknes (bass) og Erik Nylander (trommer) – begge også med i Ola Kvernberg trio, og Vigleik Storaas på piano, kjent frå samarbeid med størrelsar som Chet Baker, Terje Rypdal og Karin Krog.
Kvartetten gav ut plata Deloo i 2007, der dei tok for seg jazzens klassikarar. I fjor kom albumet Kirsti Huke, med eigne låtar, som kryssar grensene mellom jazz og rock. Plata fekk strålande mottaking i norsk presse. VG skriver: ”Original norsk jazzvokalist… Også denne gangen viser hun bredden i sin musikalske horisont.” Kirsti er også med i indiebandet –phy, og har spelt med Trondheim symfoniorkester.
Since she left the jazz department in Trondheim in 2000, Kirsti Huke has become an established name on the Norwegian jazz scene. With her skills as an improviser she has gained much praise, and among the compliments of her voice we find “honey jar”! Her quartet consists of top musicians, with Steinar Raknes (bass), Erik Nylander (drums) and Vigleik Storaas (piano). She’s made success with both standard tunes and her own material in the direction pop and rock. The latter can be found on the record Kirsti Huke, which she released last year too good reviews in the Norwegian press.

Kirsti Huke (song)
Steinar Raknes (bass)
Erik Nylander (trommer)
Vigleik Storaas ( piano)
myspace