OLA KVERNBERG TRIO | 07. april | 21:00 | Rokken | 250,- 180,-

Ola Kvernberg er, sin unge alder til tross, allereie noko av ein legende i norsk jazz. Han er frå Fræna, og gjekk jazzlinja i Trondheim. Hans første plate var med Hot Club De Norvége i 2000, men etter det har han gjeve ut plater på eige namn og med ei rekkje ulike samarbeidspartnarar. Til Volda kjem han med sin trio, som består av Steinar Raknes (bass) og Erik Nylander (trommer). I fjor gav trioen ut albumet FOLK. Plata er ein hyllest til musikarar som har inspirert Kvernberg, og blei kåra til eit av årets ti beste jazz-CDar på den anerkjende WDUQ si ranking. Trioen har det siste året turnert både i Noreg og Tyskland. Trioen si første plate er Night Driver frå 2006.

Kvernberg er ein aktiv skikkelse i norsk jazz med stor spennvidde, og har dei siste åra samarbeida med mellom annan Joshua Redman, Thomas Dybdahl og Jo Nesbø, samt skrive musikken til filmen NORD. Jazznytt har følgjande omtale av trioen si nyaste plate: ”Ola Kvernberg Trio er eit fantastisk live-ensemble. CD-utgjevingane har gjeve klare signal om ein trio i rivande utvikling. Med CDen «Folk» på Jazzland tar Ola Kvernberg eit nytt steg. Kanskje det mest overraskande/spanande i denne runden er å registrera korleis Kvernberg har utvikla seg som komponist.”

Ola Kvernberg (violin) is despite his young age among the leading Norwegian jazz musicians. With his impressive universality, he has contributed on a huge amount of records and in a great number of constellations. To Volda he comes with his own trio, consisting of Erik Nylander (drums) and Steinar Raknes (bass), in addition to himself. About his last record, Folk, Roald Helgheim in Dagsavisen wrote: ”He plays as good as anyone, but doesn’t need to win competitions in virtuosity. Instead, there’s a deep melancholy in his play, and a musical span which places him among the finest of modern jazz violinists.”


1136175854_l

Ola Kvernberg (fele)
Steinar Raknes (bass)
Erik Nylander (trommer)


myspace