STOLEN MOMENTS + RAS! 12. juni | 1300 | Det Grønne Treet | gratis

st-m2_2 Oh Yeah_1

Det er Stolen Moments frå Volda og RAS! frå Lillehammer som set kvarandre stemne denne laurdagen. I utgangspunktet er det tenkt slik at banda har eit sett kvar, for so å ”slå sine pjalter saman” til slutt. -Det er nytt for oss å samarbeide med andre band på denne måten, men det er noko som vi ser fram til, og som vi har snakka om ofte, seier Einar Opsvik, saksofonist i Stolen Moments. -Desse banda har i utgangspunktet ulik tilnerming til jazz, men vi trur at eit slikt samarbeid kan ende opp i noko spennande, seier han. Og ikkje minst, er det kjekt å møte jazzmusikarar frå andre strok av landet. Vi gler oss!

Stolen Moments har base i Volda og har spelt saman som band sidan 2002. Det starta som pianotrio, men vart snart utvida til kvintett med trompet og tenorsax. Med tida har samansetjinga variert noko, men repertoaret har heile tida halde seg innan blåsebasert standard-jazz; Alt frå Ellington til Herbie Hancock. Stolen Moments gav ut CD i 2006, som stadig er å høyre på NRK-Møre og Romsdal.

Leif Hogne Rygh: trompet · Einar Opsvik: tenorsax · Svein Hunnes: bass · Henrik Lødøen: trommer · Magne Slettevoll: piano · Stein Helge Solstad: gitar


Bandet RAS! er sju karer med musikalske røter som sprikar i alle retningar. Dei har base på Lillehammer og to av medlemmene, Trond Johnsen og André Folkestad, er også fast inventar i BokkeReidars Bluesband. Bandet har streva litt med å beskrive det musikalske konseptet, men kome til at det passar fint inn i den typiske jazz-funk-folk-talk-rock-tradisjonen. Eit anna uttrykk for denne musikktradisjonen er trøkk! Reportoaret varierer frå Led Zeppelin til folkemusikk frå Gudbrandsdalen, og har også mange eigenkomponerte låtar i ymse stilartar. Bandet tek seg sjølv lite høgtideleg og har mellom anna spela under DølaJazz på Lillehammer.

Inge Gjevre: Trekkspel · Trond Johnsen: sax · André Folkestad: trombone · Egil Weider Hartberg: piano · Steinar Sulheim: gitar · Herman Schultz: bass · Jørgen Haukland: trommer