JAZZJAM | 24. JUNI | 21:00 | Det Grøne Treet | gratis

Jazzklubben og Dei nynorske festspela tek opp den gode tradisjonen frå i fjor og arrangerer jazzjam på Det grøne treet på opningskvelden for festspela torsdag 24. juni. Her er det fritt fram for alle som har eit horn å blåse i eller nokre strengar å klimpre på. Initiativtakar til jammen er Olav Øyehaug Opsvik – ein ung ørsting og pianist som no bur i Trondheim og studerer Musikkvitskap. Med seg i bandet som skal groove opp stemninga har han eit kobbel musikarar som gjekk saman på musikklinja på Volda vidaregåande skule i fjor. Torkjell Hovland på bass og Torgeir Hovden Standal på gitar har gått dette året på jazzlinja på Toneheim folkehøgskule og spelt døgnet rundt, medan Henrik Lødøen på trommer framleis trør skorne på vidaregåande, samstundes som han speler i dei fleste jazzband i bygda (og instruerar trommeaspirantar i Volda skulekorps). Denne gjengen spelte ei salig blanding av jazz, rock og elektronika på siste jam, og kjem sikkert til å lage mykje ny og uvant lyd i år óg. Men dei skal også kompe dei som vil entre scena med anna musikksmak – her er rom for alt frå tradjazz til soul.

4407_89698826385_670241385_2290048_5781706_nn824860037_5174668_51825526_10150156014145352_840590351_11563429_465780_n32438_10150185024465352_840590351_12338890_7458750_n