OM JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA
Jazzklubben i Volda/Ørsta vart réetablert hausten 99. Tidlegare har jazzklubben hatt fleire periodar med stor aktivitet. For 15 år sidan var klubben ein av dei største og mest aktive i Noreg. Det sitjande styret har engasjement og visjonar og håpar vi saman med lokalsamfunnet kan gje Ørsta Volda gode jazzopplevingar.
Vi har eit tredelt mål med det vi driv på med.
• Vi skal kunne presentere musikk med stor breidde innan jazzsjangeren, med ei blanding av lokale, regionale og nasjonale utøvarar.
• Jazzklubben skal vere ei scene for lokale musikarar, spesielt har vi fokus på å kunne vere ei drivkraft for å gje unge musikarar ein stad å presentere seg.
• Jazzklubben skal ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.
Klubben har om lag 30 arrangement i året, og har siste åra vore svært godt besøkt. Klubben vert driven på friviljug basis, men drifta vert i beskjeden grad støtta av det offentlege gjennom ulike kanalar, samt eit sett lokale trufaste sponsorar. Klubben har ikkje ei fast scene, men dei fleste konsertane er på Rokken, Aasentunet, Ørsta Kulturhus eller Fugl Føniks i Ørsta. Les meir om scenene. Klubben er medlem i Norsk Jazzforum og Midtnorsk Jazzsenter.

Hovudsponsorane våre er:
Tussa, Sparebank 1 Volda Ørsta, og konsertstøtte Midtnorsk Jazzsenter.

AKTUELLE KONSERTSCENER
Her har vi samla litt informasjon om konsertscenene vi brukar oftast. Til kvar konsert vil ein styremedlem vere utpeika som ansvarlig og skal kunne skaffe opplysningar som musikarar måtte trenge. Studenthuset Rokken. Volda studentane sitt studenthus, med ein samla publikumskapasitet på ca. 550. Her er det to konsertarenaer som Jazzklubben nyttar. Rokken Scene for store produksjonar med publikumskapasitet på ca. 450, og Rokken Cafe for intimkonsertar, i pub sjangeren, med publikumskapasitet på ca. 100. Dette er ein flott konsertarena for ulike typar arrangement. Studenthuset Rokken er tilknytta Norgesnettet mht teknisk utstyr både på lys og lyd. Ørsta kulturhus har kinosal med 324 sitteplassar i amfi og er godt egna for kino, teater, konferansar, konsertar. Festsal med plass til opptil 300 personar (300 stolar og 50 bord) 308 m2, scene på 50 m2. Salen Aasentunet. God akkustisk (tørr) sal med amfi med i overkant av 100 sitjeplassar og flatscene. Flygel av god kvalitet står permanent på scena. Salen har ein 12 kanals Soundcraft Folio, Digital klang, 2 x Rufo Bure 12+HF, og ein kan supplere med innleigd teknisk utstyr etter behov. Volda Kyrkje. Eit vakkert og framifrå kyrkjerom til konsertar. God plass til kor og musikarar. Kapasitet på 700. Innleigd teknisk utstyr etter behov. RUST Club & Scene. Konsertscene i Ørsta med høg kvalitet både for musikarar og publikum. Kapasitet til 300, noko mindre til konsertar med sitjande publikum. Fast stor Sound Precicion PA rigg med Midas bord. Teknisk link. Fugl Føniks. Intim kaffibaren i Ørsta for dei nære opplevingane. Her har Jazzklubben "Fugl fredagsjazz" ein gong i månaden, der vi ynskjer å gje lokale artistar høve til å vise seg fram i ein uhøgtidelig setting.

MEDLEMSKAP
Medlemskap kan teiknast på dei ulike arrangementa til klubben. Som medlem er du med og støttar klubben slik at det er høve til å drifte denne. Samstundes gjev det klubben høve til å ta på seg prosjekt med meir enn normal økonomisk risiko. Medlemskapet gjev redusert pris på alle klubben sine arrangement. Dette gjeld i tillegg arrangement på Rokken (Studentsamfunnet) i Volda og Bergen Jazzforum. Tegn medlemskap her.
Pris: 250,- kr i året

KONTAKT OG BOOKING
Postadresse: Jazzklubben Volda Ørsta, Boks 112, 6101 Volda
E-post adresse: ( booking(a)jazzklubben.no )
Bank: Sparebank 1 Volda Ørsta, Konto: 39913562325

TEKNISK INFORMASJON
Jazzklubben har eit godt samarbeid med Studenthuset Rokken som har eit teknisk utstyrsnivå langt utover det vi sjølve kan tilby og har difor svært gode tekniske forhold for artistar som ynskjer opptre på vår hovudscene. For oppdrag utanfor hovudscena har vi ein 16 kanals PA med Behringer miksebord med innebygd klang, 4 stk aktive 12+HF RCF ART300A høyttalarar, RØDE NT3 x 2, SM58 x 2, E604 x 2, C-Ducer kontaktmikrofonar. Fast lys (4+4x200W med fargefilter og lysmix). Anlegget er innkjøpt med støtte av Musikk Verksteds Ordningen. Vi har eit eige piano av god kvalitet, som til dagleg er plassert på Studenthuset Rokken.