Rohey Duo
Rohey Taalah (vokal) og Martin Myhre Olsen (sax) utforskar eit duoformat utanom det vanlege. Tolkingar av Aretha Franklin, Joni Mitchell og Laura Mvula m.m. får deg til å smile, le, juble og grine, der det vare og det ekstraordinære går hand i hand. Dette må du få med deg!
Tid og stad
04. apr. 2025, 20:00 – 22:00
Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway
Om arrangementet
Rohey Taalah og saksofonist Martin Myhre Olsen har begge gjort seg bemerka både nasjonalt og internasjonalt i mellom anna Rohey, Gurls, Hegge, Wako og Trondheim Jazzorkester. Samarbeidet oppstod etter eit ønske om å utforska den nære koplinga mellom vokal og saksofon, og korleis ein kreativt kan skapa eit komplett lydbilete med denne instrumenteringa.
For Jazzklubben sin spion på Moldejazz 2024 var denne duoen eit høgdepunkt sjølv på ein ellers stjernespekka festival, og det er difor ei stor glede at vi får presentere dei Volda. Dette må du ikkje gå glipp av!
(Foto: Thor Egil Leirtrø)