Jazzprogram haust 2020
Info
Jazzklubben er tilbake igjen med eit stort og variert program.
Vi held fram med jazzkaféar på Volda Turisthotell kvar 3. laurdag som vanlig, men utvidar tilbodet med jazzkafé også til torsdags kveld.
I tillegg vert det 2 kveldskonsertar på Rokken og ein kveldskonsert på Geiranger Bakeri.
Alle arrangement vert gjennomført etter Korona-retningslinjene.
29.aug
10.sep
19.sep
01.okt
17.okt
22.okt
31.okt
12.nov
21.nov
26.nov
12.des
(Rokken)
(Geiranger bakeri)
(Rokken)
Coffee Break 5tet
laurdag
29. august
13:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Coffe Break 5tet
Carlos Alberici - trommer
Frode Grønmur - gitar
Svein Hunnes - bass
Peter Demirov - keyboard
Merete brandal Godø - vokal

Du kan forvente standardjazz, men i litt moderne innpakning.
The Funk Ups
torsdag
10. september
20:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Ivar Kvangardsnes- trompet
Ulf Kristiansen- altsax
Andre Folkestad - trombone
Stein Lied- trommer
Per Arne Brandal- gitar
Svein Hunnes- bass
Øyvind Lied- keyboard
Nystarta lokalt prosjekt, med fokus på funkinspirert jazz frå 60- og 70 talet.
Solnor
laurdag
19. september
13:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Stein Helge Solstad - gitar
Norvald Dahl - piano
Duomusikk med gitar og piano, blanding av orginalskriven musikk og kjende standardlåtar. Musikken kan skildrast som lyrisk med ein del rytmiske overraskingar.
Dagny Anna Måløy Johnsen m/Isiazz
torsdag
1. oktober
20:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Dagny Anna Måløy Johnsen - vokal
Stein Lied - trommer
Per Arne Brandal - gitar
Svein Hunnes - bass
Øyvind Lied - keyboard
Vår lokale vokaljazzdiva i samspel med solid lokalt komp.
Meir lokalt blir det ikkje!
Ålesund Ballroom
laurdag
17. oktober
13:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Sigbjørn Brunstad - gitar
Audun Skorgen - bass
Leiv Ståle Aasebø - klarinett
Einar Longva - trekkspel
Alf Eide - trommer
Gjer deg klar for standardlåtar frå jazzen sin gullalder!
TIDLIGARE KONSERTAR
torsdag
22. oktober
20:00
Rokken
250,- (fullpris) 150,- (medl) 100,- (stud)
22 oktober får vi besøk frå den godt omtalte jazzlinja i Trondheim.
Då kjem gruppa JUNO med dansbare grooves, kompleks rytmikk, rap og til og med improv.
Thea Ellingsen Grant - vokal
Malin Ødegård - vokal
Mona Krogstad - saksofon
Georgia Wartel Collins - kontrabass
Ingvald Vassbø - trommer
Den uvanlege samansetningen av to vokalistar, tenorsaksofon, kontrabass og trommer gir musikken eit lett gjenkjenneleg preg som har blitt godt motteken. Før debutalbumet kom i butikkhyllene hadde JUNO allerede rukket å spille på stader som Edinburgh Jazz & Blues Festival, Chris Beetles Gallery i London, Vinterjazz i Århus, samt Bylarm, Trondheim Calling, Kongsberg Jazzfestival, Moldejazz og Oslo Jazzfestivals «Nordic Showcase».
I det JUNO debuterte med singelen «Mike» i januar 2019, var bandet allereie eit av landets mest ettertrakta liveband. Det etterlengta debut albumet «Young Star» ble sluppet i januar 2020 og albumet fekk enormt gode omtaler frå norsk og utenlandsk presse. Albumet er produsert av Kristoffer Lofra frå bl.a. Highasakite, PELbO og Sunswitch og ble gitt ut av Jazzland Recordings.
Quest
laurdag
31. oktober
20:00
Geiranger Bakeri
250,- (fullpris) 150,- (medl) 100,- (stud)

Andreas Barth (perkusjon, elektronikk)
Erik Fooladi (perkusjon)
Geir Hjorthol (trompet, elektronikk)
Torleif Sagstad (el-gitar)
Musikken blir til der og då!
Quest er eit fritt improviserande band som hentar impulsar frå ulike typar musikk: jazz, rock og folkemusikk. Klangen frå dei akustiske instrumenta blandar seg med den elektroniske behandla lyden gir eit fantastisk samla uttrykk. Det berande elementet i musikken er improvisasjon der omgivnadene speler med, og ofte heilt konkret i form av sampla lydar frå nærmiljø.
Dahl & Grønmyr
torsdag
12. november
20:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Norvald Dahl - piano
Frode Grønmyr - gitar
To solide jazzutøvarar på kvart sitt instrument. Her blir det piano og gitar i spenande samspel!
Kurt Sagen
Jazz Kvintett
laurdag
21. november
13:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Kurt Sagen Jazz Kvintett er ein utvidelse
av kvartetten med same navn.
I fjor haust ble bandet ein kvintett då saksofonisten Sven Bernt Ellingseter
kom inn, først som gjestesolist.
Det ble ein kjempesuksess, og han
er no blitt fast musiker i bandet.
Kurt Sagen - gitar
Einar Longva - trekkspill
Sven Bernt Ellingseter - saksofon
Sveinung Utgård - kontrabass
Miki Campins - trommer
Bandet har høsta stor applaus med sine mange jazzcafé- konsertar, intim-konsertar og jazzklubb- besøk. Dei har eit repertoar med varierte rytmemønster, frå swing til bossa nova og samba. Heftige swinglåter som«Sweet Georgia Brown» og lavmælte ballader som «The Nearness of you». Dette er stemningsfull «Vintage Jazz» på sitt beste. Bandet har selv lagt vekt på iørefallende og evig-grønne melodiar frå jazzens gullalder.
torsdag
26. november
20:00
Rokken
250,- (fullpris) 150,- (medl) 100,- (stud)




Bendik Hofseth - sang & saksofon
Helge Iberg - klaver
Bendik Hofseth har hatt ein uvanleg karriere. Han er artist, songar, saksofonist, låtskrivar, pedagog og produsent. Karrieren starta allereie seint på 1970-talet i den rike kulturminen rundt Club 7 i Oslo. Til tross for sin unge alder spelte han med alt som kunne krype og gå på musikkscenen fra frijazz til popmusikk, R&B til klassisk.
I 1987 vart han invitert til å spele med Steps Ahead som arvtakar etter Michael Brecker. I 1991 kom ”IX” som markerte starten som soloartist og songar. Etter det har soloutgjevningane kome på rekke og rad, i tillegg til at han har spelt på fleire hundre innspelningar kor han deltok på andre sine plater. I 2020 slippes 4LP-boksen «Forest».
Helge Iberg er ein av Noregs fremste musikarar, komponistar og skribentar, kjent for sine verk innan jazz og samtidsmusikk. I 2019 fikk han TONOs komponistpris under Spellemannprisen. Dei har plukka ut eit knippe låtar som dei skal gjere i duoformat. Garantert gåsehudvennleg!
Oddbjørn Blindheim Kvartett
laurdag
12. desember
13:00
Volda Turisthotell
100,- (fullpris) 50,- (medl) 50,- (stud)

Oddbjørn Blindheim - piano
Micah Dahle - trommer
Frode Grønmyr - gitar
Svein Hunnes - kontrabass
Oddbjørn Blindheim tilhøyrer det absolutte eliten av norsk pianojazz.
Så gjer dykk klare for jazz som er godt forankra i soul og gospel.