
Audun Automat
Med god trøkk i bassen og fresande Fender Rhodes er Audun Automat tilbake – med sitt tredje album Uflaks. Med røter i jazzestetikken frå 70-talet, er musikken likevel frisk, moderne og overraskande! Her får ein lyriske perler, heftig riffbasert energi, sterke solistar og eit drivande komp!


Tid og stad
13. nov. 2025, 20:00 – 22:00
Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway
Om arrangementet
Med god trøkk i bassen og den fresande lyden av Fender Rhodes er Audun Automat tilbake
– no med sitt tredje album Uflaks. Bandet har røter i jazzestetikken frå 70-talet, men
musikken er samtidig frisk, moderne og full av overraskingar. Her får publikum alt frå lyriske
perler til heftige, riffbaserte energiutblåsingar, levert av sterke solistar og eit drivande komp.
Bandet blei starta av bassist, komponist og bandleiar Audun Ellingsen frå Ørsta, inspirert
av Charles Mingus sitt kompromisslause uttrykk. Etter kritikarroste plater i 2008 (Night
Creatures) og 2011 (Inside the Beehive) har bandet vore i dvale nokre år. Men i 2024 kom
endeleg oppfølgjaren Uflaks, ei feiring av dei uventa glimt og tilfeldigheiter som oppstår både
i livet og i musikken.
På scena møtest fem av jazz-Noreg sine mest vitale musikarar. Erlend Slettevoll frå
Volda er ein meister på Fender Rhodes, medan Torstein Lavik Larsen på trompet
og Jørgen Mathisen på saksofon (kjend frå m.a. Krokofant) utgjer ei uimotståeleg frontlinje.
Bak dei driv Ellingsen sjølv saman med trommeslagar Ole Mofjell, som er blitt lagt merke til
for sine eksplosive rytmeutfaldingar med bl.a. Hedvig Moldestad.
Anmeldarane har teke imot Uflaks med begeistring:
«Musikken låter uanstrengt energisk. Tilbakelent, men også eruptiv og frisk.» – Arild R.
Anders, Jazznytt
«Moderne mainstream som hentar inspirasjon fra både 1960- og 70-talet, og som er både
frisk og kreativ.» – Lars Mossefinn, Dag og Tid
«Dette er enkelt og greit livgivende og inspirerende musikk... Audun Automat er både en
tradisjonsbærer og forlenger av et tidløst og livsbejaende musikkuttrykk.» – Tor
Hammerø, Nettavisen
Audun Automat er:
Jørgen Mathisen – saksofon
Torstein Lavik Larsen – trompet
Erlend Slettevoll – Fender Rhodes
Audun Ellingsen – bass
Ole Mofjell – trommer