top of page

Jazzkaféar vår 2019

laurdagar

13-15

Volda Turisthotell

Laurdagen er ikkje den same utan jazz, og Jazzklubben er sjølvsagt her for å hjelpe deg. 

Utvalte laurdagar kan du få både jazz, kaffi og noko søtt til, på Volda turisthotell. Musikarane er stort sett lokale eller regionale og spelar musikk tilpassa kaféformatet.  Våren 2019 må du setje av fyljande laurdagar: 

19. jan

9. feb

​

 

2. mars

23. mars

13. april

 4. mai

 1. juni

​

Isiazz m/høgskulestudentar

Menn med Isiazz Christoffer Jensen/Jon Endre Ørstavik/ Eirik Beck

Jazzendgutane

Øyvind Lied

Veterankorpset

Blindheim/Grønmyr Kvartett

JAM

Siril Malmedal Hauge "Uncharted Territory"

tirsdag 7. mai

20:00

Rokken

kr 250 / 150 ( medlem ) / 100 (student)

Jazzklubben er glade for å ønske Siril Malmedal Hauge velkomen tilbake, vi har tidligare hatt besøk av Fieldfare og Wild things run fast, ein hyllest Joni Mitchel, med Siril i front. No har ho gitt ut si eiga plate, der ho er både låtskrivar og produsent. Musikken er inspirert av folk, pop og jazz, her får vi melodiar som festar seg, stødige riff, tekstar til ettertanke og med seg har ho musikarar som kjenner kvarandre godt og spelar kvarandre gode. 

​

Lytt til plata her (Spotify)

 

Bandet består av: 
Martin Myhre Olsen - soprano, alto and baryton saxophone
Torgeir Hovden Standal - guitars
Kjetil André Mulelid - piano, organ
Martin Morland - bass
Henrik Lødøen - drums

Siril3.jpg

Relling

torsdag 4 april

20:00

Rokken

kr 250 / 150 medlem  / 100 student

Relling er ein kruttpakke av catchy grooves og eksplosive gitar-effekter som saman med ein villvakker vokal og storslagne orgel- og synthlandskap resultera i eit live-show som sprengjer grensene mellom indie-rock, -pop og jazz. Kvartetten har gjort seg bemerket som eit svært interessant tilskudd til den norske jazz-scena. På under eit år har bandet imponert publikum på nokon av landets største jazzfestivaler, og kjempet om tittelen “Årets unge jazzmusikere” i finalen i Jazzintro 2018 på Moldejazz.

​

Relling utfordrar sjangergrenser når lydbilete med klare referanser til synth-pop og -rock, kombineres med improvisasjon, harmonikk og rytmikk som oftere finner stad i jazzen. Dette resulterer i musikk med brei appell, men som likevel utfordrar lyttaren. Låtskrivar og frontfigur Harald Relling Nielsen skriver direkte og personleg tekstane som tar med lyttaren inn i Relling Nielsens personlege liv.


På nettsidene til Norsk Jazzforum er semi-finalen i Jazzintro 2018 på Vossa Jazz omtalt:

– I kveld har vi hørt to band på et sjokkerende høyt nivå, drevet av to sterke vokalister. De som overbeviste oss mest var Relling og vi gleder oss til å høre de igjen på Moldejazz, sier juryen, som under Vossa Jazz bestod av bassist Ellen Andrea Wang, saksofonist Kjetil Møster og fagansvarlig i Norsk jazzforum, Øyvind Skjerven Larsen.

​

Relling består av:

Harald Relling Nielsen - vokal

Vegard Lien Bjerkan - Hammond-orgel, synth

Tore Hodneland - gitar

Åsmund Mattias Smidt - trommer

unnamed.png

1816

tors. 21.mars

20:00

Volda Turisthotell

kr 250 / 150  medlem  / 100 student

"usedvanlig melodiøs, vakker og unik"

(Tor Hammerø/Nettavisen)

Bandet 1816 er eit samarbeid mellom vokalist Wenche Losnegård og bassist Audun Ellingsen, som begge har brei erfaring fra norsk jazz og improvisasjonsmusikk. Med 1816 vevar dei to låtskrivarane saman eit fengslande musikalsk univers. Med seg har dei også Gregor Riddell (cello) som blant anna har spelt med Radiohead og Erik Nylander (trommer).

1816 slapp sitt første album i mars 2018 til strålande kritikkar og er no ute på vegen med dette materialet. Fra historiebøkene er 1816 kjend som året utan sommar, og 1816 er eit band som utforskar mørket i oss alle, med eit kontrastfylt, vidtspennande lydbilete. Tunge grooves og mørke klanger balanserer dei lettere melodiene og skapar eit interessant univers. Musikken er hovedsakeleg inspirert av jazz, kammermusikk, folk og pop. 1816 har blitt omtalt som lyden av Bjørk og Keith Jarrett som komponerar for Rickie Lee Jones og eit lite kammerorkester.

omtalar av 1816 sitt debutalbum:

"usedvanlig melodiøs, vakker og unik"

(Tor Hammerø/Nettavisen)

"Dette er et album som vil stå meget sterkt, som en av dette årets beste utgivelser."

- Johan Hauknes, salt-peanuts.eu

 

"Et umerkelig mykt og organisk uttrykk som krever plass i forgrunnen" -

terningkast 5

- Tor Martin Bøe, VG

"1816 er rett og slett en genial utgivelse jeg ikke har hørt maken til" -

terningkast 6

- Ole Martin Wilhelmsen, thewilhelmsens.com
 

Wenche Losnegård - vokal

Audun Ellingsen - bass

Gregor Riddell - cello

Erik Nylander - trommer

1816.png
bottom of page