top of page

The Brazz Brothers

fredag 16. nov

20:00

Volda Turisthotell

kr 250 / 150 ( medlem ) / 100 (student)

brazzbrother.png

JAN MAGNE FØRDE, trompet/ flygelhorn

KÅRE NYMARK jr. trompet/flygelhorn

RUNAR TAFJORD, horn

HELGE FØRDE, trombone

STEIN ERIK TAFJORD, tuba

KENNETH EKORNES, trommer

I løpet av sine imponerende 33 år i kontinuerleg rørsle har Brazz Brothers holdt over 3500 konserter i 36 land og gitt ut 20 CD-ar. The Brazz Brothers er ein kollektiv tilstand mer enn det er eit band. Ved å nærme seg musikkens opphav og gå tilbake til eit punkt før den vestlige kunstmusikken, har dei definert sitt eget frigjeringsprosjekt. Musikken er ei musikalsk tilnærming kor dei jaktar på det menneskelege fellesspråket. I The Brazz Brothers bur nemleg ein permanent sult og ein uslokkeleg tørst etter nye groovar og uhøyrte klangfargar.

Jazzkafear haust 2018

laurdagar

13-15

Volda Turisthotell

Laurdagen er ikkje den same utan jazz, og Jazzklubben er sjølvsagt her for å hjelpe deg. 

Utvalte laurdagar kan du få både jazz, kaffi og noko søtt til, på Volda turisthotell. Musikarane er stort sett lokale eller regionale og spelar musikk tilpassa kaféformatet.  Våren 2018 må du setje av fyljande laurdagar: 

25. aug

15. sept

 6. okt

27. okt

17. nov

 8. des

​

Blue Horn Jazzband

Sula Jazzkompani

Kurt Sagen Jazz Kvartett

Stein Helge Solstad

Isjazz med damer

Stolen Moments

Kjemilie med band

lørdag 24 nov.

20:00

Aasen-tunet

kr 250 / 150 ( medlem  / student / honnør)

Kjemilie.jpg

Emilie Storaas, vokal 
Kjetil Mulelid, piano
Adrian Waade, fiolin
Fredrik Dietrichson, bass
Andreas Winther, trommer

Trøndersk visejazz av aller høgste kvalitet

 

Laurdag 24. november inviterer Ivar Aasen-tunet og Jazzklubben Volda Ørsta til konsert med det aller beste av dagens unge jazzmusikarar. Duoen Kjemilie har for høvet med seg fullt band og vil lyse opp mørketida med kjenslevar visejazz med tilsvarande tekstar.

 

For tre år sidan starta songar Emilie Storaas og pianist Kjetil Mulelid prosjektet Kjemilie. Etter to album og turnéar hjå norske jazzklubbar og sjømannskyrkjer i Europa, har dei hausta gode omtalar. Når dei no har invitert tre av dei fremste, unge jazzmusikarane i dag inn i sitt visejazz-univers, tek dei det heile eit steg vidare.

 

Fiolinist Adrian Waade, bassist Fredrik Dietrichsong og trommeslagar Andreas Winther vil tilføre nye dimensjonar til dei vakre melodiane, eit intenst samspel og det sarte, nære uttrykkjet som følgjer med Storaas sine tekstar, framført med utprega trønderdialekt.

 

Kjemilie leikar med eit uttrykk mellom viser, salmar, pop og jazz, og vi garanterer ei unik oppleving i Ivar Aasen-tunet denne laurdagskvelden!

LARM Natalie Sandtorv og Møremusikarane

torsdag 25 okt.

20:00

Rokken

kr 250 / 150 ( medlem ) / 100 (student)

natalie.sandtorv.png

Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterar LARM og lyden av Møre og Romsdal. Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping.

​

Sidan våren 2018 har Møremusikarane jobba med eit splitter nytt, orginalskrive musikkprosjekt i samarbeid med Ålesundsartisten Natalie Sandtorv. Prosjektet har fått namnet LARM, og søker å finne lyden av Møre og Romsdal. LARM-prosjektet involverer alle dei ni faste musikarane i Møremusikarordninga. Besetninga består av både klassisk og rytmisk skolerte musikarar, og måler difor med brei pensel når dei skal finne den musikalske identiteten til Møre og Romsdal. I musikken finn ein element av alt frå electronica, progrock, jazz og folkemusikk meisterleg sydd saman av Natalie Sandtorv og Møremusikarane.

Møremusikarane er Møre og Romsdal fylkeskommune si distriktsmusikarordning. Målet med ordninga er å vere med på å løfte fylket sitt musikkliv til nye høgder, ved å leige ut profesjonelle musikarar og gjennomføre prosjekt, som LARM. Natalie Sandtorv og Møremusikarane legg ut på turne til Molde, Ålesund og Volda.

 

Konserten er eit samarbeid mellom Jazzklubben Volda Ørsta og kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

bottom of page