top of page
  • Wix Twitter page
  • Wix Google+ page
  • Wix Facebook page

HOLMGANG

Tor Bye Holm - trommer,
Oddbjørn Blindheim - flygel,
Svein Hunnes - bass, 
Leif Hogne Rygh - trompet

FREDAG  16. DESEMBER

19:30

KAARSTADHUSET

200,-

Kvartetten, HolmGang, er eit stykke sunnmørsk jazzhistorie. Trompeter Leif Hogne Rygh, pianist Oddbjørn Blindheim og trommis Tor Bye Holm, har eit musikalsk samarbeid med røter tilbake til 1960/61. Jazzbua i Ålesund med  oppstart for 50 år sidan (1966-1969) hadde også stor glede av disse tre musikarane.  Musikken dei spelar ber også preg av kva dei lytta på og spelte, med andre ord vert det groovy låtar frå den moderne jazzen sin gullalder skreve av fleire av dåtiden sine stjerner som bl.a. Benny Golson, Bobby Timmons, Art Farmer og Tad Dameron. Men sida jula står for døra vil nok også nokre svingande julelåtar trigge godfoten denne kvelden. Yngstemann i bandet, bassist Svein Hunnes, hadde knapt sett dagens lys då dei tre andre herrane "hotta" på jazzklubben "Fredag den Trettande" i Ørsta/Volda, men han har hatt en dugande mentor i Leig Hogne Rygh og bidreg no til at publikum kan sjå fram til hotjazz av  ypperlig klasse. Vel møtt i Kaarstadhuset! 

JAZZKAFE   13:00-15:00  LAURDAGAR   50,-

LAURDAG 10.DESEMBER 

13-15:00

Telebygget

ÅTGAUM 

  50,-

Molde-baserte LAMA (Live Analog Music Association) spelar etterkrigsjazz med assosiasjon til komponistar/utøvarar som Benny Golson, Horace Silver, Joe Henderson, etc.

Olav Tornes (ss+as)  
Gunnar Bech (tb)
Torstein Fuglseth (git)
Carlos Alberici (trommer)

Torgeir Døssland (bass)

​

TIDLIGARE KONSERTAR/KAFEAR  I HAUST

​

PETTER WETTRE - NEXT GENERATION 2.0

TORSDAG 10.NOV.

Konsertstart 21:00    ROKKEN

200,-

Petter Wettre Next Generation 2.0 er et nytt prosjekt som har oppstått som et resultat av et ønske om å bringe inn en ekstra blåser i Wettres musikk - en trompetist. Dette er den nye generasjon musikere innenfor melodiøs post bop jazz. Medlemmenene kommer fra de nordiske lands ypperlige musikk- utdanningsinstitusjoner; Rytmisk i København, Musikhøgskolan i Stockholm og Jazzlinja i Trondheim.

      piano       trompet        saksofon     trommer       bass

12.NOV. 

PORSE

Stein Lied - trommer,

John Inge Leira Bjøringsøy - piano,

Einar Opsvik - tenorsax,

Fernando Pineda Lopez - altsax,

Ivar Kvangardsnes -  trompet/flygelhorn, 

Stein Helge Solstad - gitar,
Svein Hunnes - bass

Stolen moments starta som trio på bestilling til eit 50-årslag der jubilanten ynskte seg standard-jazz frå den gyldne swing-epoken midt på 1900-talet.
Seinare vart trioen utvida til både kvintett og sekstett, heile tida med sentrale musikarar frå det lokale musikklivet i ein mannsalder.

Manntalet og mannskapet har skifta litt, men det musikalske utgangspunktet har heilt tida vore det same; Gjenkjennelig og melodiøs standard-jazz med islett av storband-sound og swing-fot!

Her blir det godstemning på Porse! 

08.OKT.  ISIAZZ

ÅTGAUM (Telebygget Volda )

Neste band ut på jazzkafescena er det lokale Isiazz. Namnet er kanskje nytt, men medlemmane er alle gamle travarar i det lokale musikkliv; 
Frontmannen er Ketil Rasmussen, til dagleg kulturskulerektor i Stryn i meir enn 20 år, men kanskje meir kjend som storbandleiar, Sinatra-tolkar av klasse, samt ein framifrå klarinettist. Då er det kanskje færre som veit at han også er ein ytterst habil trekkspelar? 

Kompet beståande av Per Arne Brandal på gitar, Svein Hunnes på bass og Stein Lied på trommer er også godt kjende på våre trakter.

Smektande og melodiøse evergreens godt rotfest i standardjazzen er stikkord som beskriv reportoaret som blir framført denne laurdagen. 

Ketil Rasmussen; Vokal/Saksofon, Per Arne Brandal; gitar, Svein Hunnes; bass, Stein Lied; trommer

MEGALODON

TORSDAG 22.SEPTEMBER

Jazzklubben er stolt av å presentere årets unge jazzmusikarar, Megalodon Collective, som første konsert ut haust 2016. Bandet er sett saman av nokre av dei mest sentrale musikarne i Trondheim sitt pulserende jazz- og impromiljø. Septetten er ein fryktlaus gjeng unge musikantar med lidenskapeleg tilnærming til improvisasjon. Debutalbumet «Megalodon» vart nominert til Spellemannsprisen for beste jazzutgjeving i 2015. Dei har hausta gode kritikkar, og på kort tid markert seg i jazzmiljøet i Norge. Inspirasjonen hentar dei frå filmmusikk, det ytre rom, støy, klassisk, middelaldermusikk og impro.

​

Martin Myhre Olsen (NO) - sax                      Karl Hjalmar Nyberg (SE) - sax

Petter Kraft (SE) - sax                                     Karl Bjorå (NO) - gitar
Aaron Mandelmann (SE) - kontrabass        Henrik Lødøen (NO) - trommer
Andreas Winther (NO) - trommer

10.SEPTEMBER  Porse     50,-

Kurt Sagen; Gitar, 
Lars Petter Vågnes; trompet/flygelhorn,

S.Hunnes; bass, 
Carlos; trommer

bottom of page