

OM JAZZKLUBBEN VOLDA ØRSTA
Jazzklubben i Volda/Ørsta vart réetablert hausten 1999.
Tidlegare har jazzklubben hatt fleire periodar med stor aktivitet.
For 20 år sidan var klubben ein av dei største og mest aktive i Noreg.
Vi har eit tredelt mål med det vi driv på med;
• Vi skal kunne presentere musikk med stor breidde innan
jazzsjangeren, med ei blanding av lokale, regionale og
nasjonale utøvarar.
• Jazzklubben skal vere ei scene for lokale musikarar, spesielt
har vi fokus på å kunne vere ei drivkraft for å gje unge
musikarar ein stad å presentere seg.
• Jazzklubben skal vere ein sosial møteplass der publikum
kjenner seg heime.
Klubben har om lag 10-15 arrangement i året, og har siste åra vore svært godt besøkt. Klubben vert driven på frivilleg basis, men drifta vert i beskjeden grad støtta av det offentlege gjennom ulike kanalar, samt eit sett lokale trufaste sponsorar. Klubben har ikkje ei fast scene, men dei fleste konsertane er på Rokken, Volda Turisthotell Porse eller kafear i Volda/Ørsta.
Klubben er medlem i Norsk Jazzforum og Midtnorsk Jazzsenter.
AKTUELLE KONSERTSCENER
Her har vi samla litt informasjon om konsertscenene vi brukar oftast.
Volda studentane sitt studenthus, med ein samla publikumskapasitet på ca. 550. Her er det to konsertarenaer som Jazzklubben nyttar. Rokken Scene for store produksjonar med publikumskapasitet på ca. 450. Dette er ein flott konsertarena for ulike typar arrangement. Studenthuset Rokken er tilknytta Norgesnettet mht teknisk utstyr både på lys og lyd.
Her arrangerer vi jazzkafear, eit tilgjengelig tilbod laurdag ettermiddag der god musikk og kaffikos er i fokus. Lokale og regionale artistar spelar stort sett på desse arrangementa. Ta kontakt med Svein Hunnes om du ynskjer spele.
Ørsta kulturhus har kinosal med 324 sitteplassar i amfi og er godt egna for kino, teater, konferansar, konsertar. Festsal med plass til opptil 300 personar (300 stolar og 50 bord) 308 m2, scene på 50 m2.
God akkustisk (tørr) sal med amfi med i overkant av 100 sitjeplassar og flatscene. Flygel av god kvalitet står permanent på scena. Salen har ein 12 kanals Soundcraft Folio, Digital klang, 2 x Rufo Bure 12+HF, og ein kan supplere med innleigd teknisk utstyr etter behov.
Eit vakkert og framifrå kyrkjerom til konsertar. God plass til kor og musikarar. Kapasitet på 700. Innleigd teknisk utstyr etter behov.
Tredet (Tidlegare: Det Grøna Tredet):
Volda's sentrale bar og møtested ved kaia er nyoppussa. Bord, bar og uteområde, med rundt 80 sitteplassar.
TEKNISK INFORMASJON
Jazzklubben har eit godt samarbeid med Studenthuset Rokken som har eit teknisk utstyrsnivå langt utover det vi sjølve kan tilby og har difor svært gode tekniske forhold for artistar som ynskjer opptre på vår hovudscene.