top of page

Erlend Skumsvold trio

Velkomne til årets første konsert og årsmøte, alt på ein fredagskveld. Kom!

Erlend Skumsvold trio
Erlend Skumsvold trio

Tid og stad

21. mars 2026, 20:00 – 22:00

Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway

Om arrangementet

Erlend Skomsvoll har i årevis hausta lovord som arrangør og orkesterleiar. Han ein av våre mest meritterte musikarar, med både Spellemannprisar og den hengande Buddy-prisen på hylla. Etter ein imponerande karriere som sentral kraft i Come Shine og Trondheim Jazzorkester, vender han no merksemda fullt og heilt mot pianoet og eigne komposisjonar.


Med seg på laget har han eit unikt komp i Roger Morland (kontrabass) og Knut Aalefjær (trommer). Trioen meistrar kunsten å smelte saman jazzens energi med den klassiske musikkens harmoniske eleganse.

Publikum i Volda kan vente seg ein kveld med alt frå vakre og inderlege melodiar som «Rimfrost», til kreative og groovy låtar som «Måkkebøkke». Dette blir eit sjeldant og nært møte med ein formidabel musikar som endeleg tek steget fullt ut som trioleiar.





Del arrangementet

bottom of page