
Jazz og Poesi
Det har lenge vore ein draum å arrangere Jazz og poesi i Jazzklubben og i løpet av 2026 får vi det til! Det er berre å gle seg til Henrik Dalen som har fått med seg slampoet Pär Thörn og Inga Stenøien på gitar. Dette vert tøft!


Tid og stad
24. apr. 2026, 20:00 – 22:00
Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway
Om arrangementet
Volding og kontrabassist Henrik Sandstad Dalen tek med seg to av sine favorittmusikarar til Tredet denne laurdagen for ein spanande kveld med poesi og improvisert musikk!
Henrik Sandstad Dalen har det siste tiåret gjort seg kjend i hovudstaden, det ganske land og på kontinentet med grupper som Sex Magick Wizards, Trondheim Jazzorkester, Dahl/Dalen/Søvik og Ole Mofjells 3 Days of Maceration. Sistnemnde gruppe vitja Sommarljom med stor suksess i 2024. I dette høve har Dalen satt saman ein flunkande ny trio beståande av Inga Stenøien, som dei siste åra har skapa furore i inn- og utland for si særs uortodokse tilnærming til den klassiske gitaren, og den legendariske Gøteborgsbaserte lydkunstnaren, performanceartisten og avantegardistiske poeten Pär Thörn (SE).
Ta med opne øyrer og eit opent sinn for det som utan tvil blir eit ekstravagant lyd- og poesigilde på Tredet denne laurdagskvelden!
Pär Thörn, poesi og elektronikk
Inga Stenøien, gitar
Henrik Sandstad Dalen, kontrabass

