top of page

Jazzkafé Blue Horn

Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, men har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg.

Jazzkafé Blue Horn
Jazzkafé Blue Horn

Tid og stad

20. jan. 2024, 14:00 – 16:00

Tredet, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway

Om arrangementet

Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, men har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg. Bandet har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke, og kompgruppe med kontrabass, banjo og trommer. Tradjazz, Hot Jazz, Dixieland. Sjangeren har fått mange namn og variantar. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stoffet er i hovudsak henta fra trad- og swingperiodens glanstid, 1920 -1940, det som går under fellesnamnet ”Classic Jazz.” Dette repertoaret spenner frå vakre ballader til spenstig swing der det er vanskelig å halde godfoten i ro. Bandet går heller ikkje av vegen for å hive seg på stoff frå vår eiga tid.

Del arrangementet

bottom of page