Jazzkafé Blue Horn
Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, men har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg. Gode melodilinjer i materiale som i hovudsak er henta fra trad- og swingperiodens glanstid, kan akkompagnere laurdagskaffien på Tredet denne dagen. Ta deg ein tur!
Tid og stad
29. mars 2025, 14:00 – 16:00
Tredet, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway
Om arrangementet
Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, men har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg. Bandet har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke, og kompgruppe med kontrabass, banjo og trommer. Tradjazz, Hot Jazz, Dixieland, Chicagostil. Sjangeren har fått mange namn og variantar. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stoffet er i hovudsak henta fra trad- og swingperiodens glanstid, 1920 -1940, det som går under fellesnamnet ”Classic Jazz.” Dette repertoaret spenner frå vakre ballader til spenstig swing der det er vanskelig å halde godfoten i ro. Bandet går heller ikkje av vegen for å hive seg på stoff frå vår eiga tid.
Mannskap:
Sveinung Utgård kontrabass, Halstein Kurseth gitar/banjo, Stein Lied trommer, Askjell Molvær piano, Thor Senneseth Tenorsax, Arnfinn Grebstad klarinett/altsax, Jan Lade Trompet/flg.h. og Margrethe Velle Ødegård vokal.