top of page

LEAH

Denne fredagen kjem Leah Engevold sin sekstett til Volda. Stikkord som soul, pop, leikent og fengjande karakteriserer eitt av dei beste nye banda i landet.

LEAH
LEAH

Tid og stad

28. feb. 2025, 20:00 – 22:30

Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway

Om arrangementet

LEAH er eit jazzpopband beståande av seks unge og dyktige musikarar

med base i Oslo. Med kryssing mellom jazz, pop og soul, er musikken

leiken og dansbar med fengjande hooks og med ein energi som fort kan både gi nakkesleng og hofteprolaps, uansett aldersgruppe.


LEAH LEVERER ei HERLEG blanding av retro pop, funky Jazz og EKTEFØLTE tekstar som

både får deg til Å le, gråte og danse. Med leikne låtar, ei sjarmerande og kraftfull blåserekkje og gitarsoloar som går rett i hjartet, skaper dei ei stemning som er umogleg å motstå.


Med debutalbumet sitt “Zzz” har jazzpopbandet LEAH allereie rokke å plassera seg på kartet over unge, lovande. Omtalt som “dei beste nye banda i landet” av Jazz i Noreg,  og med lovord frå Dagens Næringsliv og andre toneangivande media er LEAH klar til å innta dei store scenane.


Leah Engevold - vokal, keys og låtskriver

Kristina Fransson - trompet og vokal

Emil Bø - trombone

Halvor Dokke - trommer

Tevje Fjugstad Flaate - gitar

Henrik Bakka - bass

Del arrangementet

bottom of page