top of page

Quest

Impro-bandet Quest har halde det gåande i over 20 år. Dei fire musikarane har ulik bakgrunn, men gjennom mange års samspel har dei utvikla ein tett musikalsk kommunikasjon med eit særprega uttrykk. Impulsane kjem frå moderne jazz, rock, folkemusikk og samtidsmusikk.

Quest
Quest

Tid og stad

25. jan. 2024, 20:00 – 22:00

Tredet, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway

Om arrangementet

Andreas Barth – perkusjon, elektronikk

Erik Fooladi – perkusjon

Geir Hjorthol – trompet, stemme, elektronikk

Torleif Sagstad – el-gitar, elektronikk

Impro-bandet Quest har halde det gåande i over 20 år. Dei fire musikarane har ulik bakgrunn,

men gjennom mange års samspel har dei utvikla ein tett musikalsk kommunikasjon med eit

særprega uttrykk. Impulsane kjem frå moderne jazz, rock, folkemusikk og samtidsmusikk.

Musikken til Quest er prega av store kontrastar, med veksling mellom meditative lydlandskap

og fritonale lydeksperiment. Lyden frå instrumenta (perkusjon, trompet, el-gitar) kan også bli

supplert av sampla lydar frå omgjevnadene (natur, stemmer, støy) som blir integrerte i

musikken gjennom elektronisk bearbeiding. Slik ynskjer musikarane i Quest – gjennom

kollektiv improvisasjon – å kommunisere ikkje berre med kvarandre, men med verda rundt

oss.

Kjøp billettar hjå Tikkio her. 

Del arrangementet

bottom of page