SANYU og DJ Termistor
Set av kvelden, først med konserten som var den «desidert største opplevinga» på VillVest-festivalen 2023, etterfølgt av eit DJ-sett frå Volda/Ørsta sine eigne karar i Thermistor. "Don't wait up, eg er på Jazzklubben".
Tid og stad
22. mars 2025, 20:00 – 22:30
Volda, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway
Om arrangementet
«Desidert største oppleving på årets festival». Slik beskreiv BT-meldar Ellisiv Sunde Myrva Sanyu konserten sin under Villvillvest 2023. Med bakgrunn innanfor r&b og improvisasjon, ber musikken hennar preg av eit sjelfullt uttrykk med varme harmonium, men leikar seg også med rapp og groove-basert riff i eit lydlandskap der det akustiske og elektroniske blir vove tett saman. Hennar bestemde og utforskande soul ispedd taktil spoken word og hamrande jazz ladar publikum med ein energi som varer heile kvelden ut. På scena har ho med seg multiinstrumentalist Kristina Fransson, kontrabassist Rafal Rozalski og trommis Rino Sivathas som saman utviser både ei ro og eksplosivitet i musiseringa si i samspel med kvarandre.
Sanyu Christine Nsubuga – Vokal
Rino Sivathas - Trommer:
Rafał Różalski - Kontrabass:
Kristina Fransson - Trompet/live elektronikk