Vegard Holum Sings - ein hyllest til Chet
Få ein pangstart på jazzåret 2025 med Vegard Holum sin hyllest til Chet Baker. Her vert det cooljazz der Holum utforskar sine Chet-favorittar, saman med medmusikantane Norvald Dahl, Børre Dalhaug og Lars Martin Vik.
Tid og stad
18. jan. 2025, 14:00 – 16:00
Tredet, Halkjelsgate 8, 6100 Volda, Norway
Om arrangementet
Vegard Holum (f. 1985) er ein musiker og komponist frå Fosnavåg med utdanning frå Universitetet i Agder og Norges Musikkhøgskole.
Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart han tidlig opptatt av melodien. Korleis den heilt på egenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske elementer.
Som aspirerende jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innen melodisk trompetspel, Chesny Henry Baker Jr. Chet.
Hans uanstrengte og horisantale melodiføring over hyppige akkordskifter var djupt fascinerande. Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans. Han berre var musikken. Kombinert med ein filmstjernelook og laidback stil fekk han tilnamnet «Prince of Cool».
No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt nostalgiske univers. Han vil plukke ut sine favoritter i katalogen og tar på seg hatten som både trompetist og vokalist. For å tolke musikken har han fått med seg svært kompetente musikere og inviterer til ei stund i cooljazzens teikn.
Her er det åpning for å ta på seg sin kulaste dress og drøyme seg vekk til ein kabriolet som susar nedover highwayen i California. Saman klarar vi kanskje å frambringe tilstrekkelig royal stemning slik at prinsen får den hyllesten han fortjener.
Vegard Holum - trompet og vokal
Norvald Dahl - piano
Lars Martin Vik - kontrabass
Børre Dalhaug - trommer