top of page
the core.jpg

The Core

26/11

250,- (fullpris)   150,- (medl)    100,- (stud)

The Core starta hausten  2001 med den første konserten sin på Posepilten i Trondheim. Dette betyr at dette er eit 20 års Jubileum!

Kjetil Møster - Saxofoner

Erlend Slettevoll - Piano

Steinar Blir rakna - Bass

Espen Aalberg - Trommer

Opphavet til gruppa var felles studie til medlemmene ved Jazzlinja i Trondheim i perioden 1998-2000. Etter å ha spelt saman i ulike samanhengar, oppstod ønsket om ein jazzkvartett som bygde vidare på arven frå Jan Garbareks musikk på tidleg 70-talet. Garbarek var igjen svært påverka av John Coltrane sin musikk frå 60-talet.

Denne kjernen i inspirasjon, saman med dei akustiske straumdraga til det seine 90-talet i jazzen, danna grunnlaget for The Core sitt uttrykk.

Det finst ikkje eit betre høve til å dra i gang eit av dei mest oppsiktsvekkande norske jazzband som fram til pausen i 2012, turnerte fem kontinent. No er originalbesetninga i The Core med Kjetil Møster, Erlend Slettevoll, Steinar Raknes og Espen Aalberg tilbake, igjen klar for å spreia den gode bodskapen til den energiske akustiske jazzen.

​

The Core har sidan oppstartet utgitt 8 plater, spelt på alle dei store norske jazzfestivalane og turnert flittig i inn- og utland. Trass i bandets ekspressive og til tider veldige uttrykk, vart ofte The Core referert til som ein publikumsfavoritt ved festivalar.

Tredet

ID: 18+
CC: 100,-/150,-/250,- per.pers.

KONTAKT OG BOOKING

​

Jazzklubben Volda Ørsta
Orgnr. 894913452

​

Vi bookar berre via e-post.


booking@jazzklubben.no  (kveldskonsertar)

jazzkafe@jazzklubben.no  (laurdag ettermiddag)

​

Økonomi/faktura:
faktura@jazzklubben.no

Midtnorsk_Logo.png
Sparebanken_More_Logo.png
  • Tikkio
  • Facebook

@2024Jazzklubben     

bottom of page